Eda glasbruk er ein tettstad i Eda kommun i vestre Värmland i Sverige, tett på riksgrensa mot Noreg. Tettstaden har fått namnet etter det glasverket (glasbruket) som låg her tidlegare. Folketalet desember var
Eda glasbruk er i dag eit handelssentrum som lever av grensehandel med Noreg. I og vart det opna to kjøpesenter her, EuroCash og Eda Supermarket. Dette førte til at Sveriges eldste landhandel, Eda Brukshandel, vart tvinge til å legge ned verksemda på grunn av den auka konkurransen.
Glasverket vart skipa i av Carl Christopher Lampa og Lars Wilhelm Ahlbom, som bygde eit glasverk i Emterud. Produksjonen tok til i , men allereie i vart verksemda lagt ned. Nye eigarar tok over og sette i gang med tilverking av flasker, småglas og glas til vindauge. Produksjonen av glas til vindauge vart flytta i til ein filial i Surte, medan verket i Eda auka verksemda til òg å femne produksjon av glas til apotek og pressa og blåste drikkeglas med slipt, gravert og måla dekor. I vart det skipa eit filialverk i Magnor i Noreg som fekk namnet Geijersfors Glassverk, som produserte glasvarar for Eda Glasbruk fram til Glasverket i Magnor er framleis i drift som ei sjølvstendig v